Eikesdal kirke 2013

Eikesdal kirke

Kyrkja ligg i Oppigard i Møre og Romsdal. Den vart innvigd i 3. oktober 1866, og den første mannsalderen var det berre 4 gudstenester der for året. Før sokna bygda til Sira Kyrkje i Eresfjorden, og dit måtte dei ved alle kyrkjelege handlingar. Årstalet 1866 representerer derfor eit tidsskilje.

Å plassere ei kyrkje er ei alvorleg sak, og i mange bygder har det skapt strid. Noko slikt er ukjent frå Eikesdalen. Staden gav seg sjølv, og plasseringa er som ho skulle vere henta frå Bjørnsons bondeforteljing “Synnøve Solbakken”: “Kirken står i bondens tanke på et høyt sted.” Høgt og fritt ligg ho, og kyrkjegarden er som skapt for gravplass, nemleg tørr aur. Staden var elles nytta som ein siste kvilestad lenge før det kom kyrkje der, ja lenge før kristendommen kom til bygda for den saks skuld. Det låg nemleg ein stor gravhaug ytst på kyrkjegarden.

Det var arkitekt J. W. Nordan som teikna kyrkja. Bygningen som er nokså typisk for tida, har rundt 100 sitjeplassar.Byggmesteren Ole Olsen Nørstegaard var fra Lesja. Saman med tømrarar frå heimbygda, reiste han kyrkja på berre fem månader.

Kilde: www.eikesdal.no

Vist 216 ganger. Følges av 1 person.

Diverse kirkebilder (154 bilder)

 

Bildesamlingen (2672 bilder)

 
Annonse

Nye bilder